Strandgata 10
6905 FLORØ
I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er for etablering av Via Ferrata ved fjellet Andersnatten, gbnr. 118/1 mfl., i Sigdal kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Sigdal Aktiv AS.
Formål/bakgrunn for planarbeidet:
Formål med planen er tilrettelegging for Via Ferrata-trasé med tilhøyrande fjellsikringar på nordaustleg del av Andersnatten.
Vidare vil ein legge til rette for gapahuk på Andersnatten, som vil vere tilgjengeleg for ålmenta. Denne er tenkt etablert tilbaketrekt og tilpassa terreng og vegetasjon rundt på en god måte, og utan å bryte med fjellets landskapssilhuett. Det vil også vurderast etablering av enkel toalettfasilitet, som då også må tilpassast terreng og omkringliggande natur utan å sjenere for andre som opphelde seg i området.
Ein vil også i nedre del av området, langs etablert skogsveg, sjå på moglegheiter for å kunne legge til rette for ein horisontal planka sti m/wire langs fjellveggen, for å lage eit alternativ/lågterskel tilbod for dei som ikkje ønsker eller har moglegheit å klatre Via Ferrata, t.d. mindre born eller eldre. Denne er tenkt etablert på ein slik måte at den innbyr til lettare framkome, men med sikkerheitssele, slik at ein likevel kan få ein spektakulær oppleving.
Base for Via Ferrata er tenkt etablert på Gråskei, som i dag er Sigdal Aktiv sin etablerte base for blant annet Rafting, og er lokalisert ved Storelva. Her vil det vere kundemottak, toalett og parkering, der deltakarane er planlagt frakta i minibuss til avstigingspunkt ved Borofjellveien og tilkomstveg/turveg inn til startpunkt for Via Ferrata.
Plan vil inkludere etablering av avstigingspunkt og evt. parkeringsareal knytt til dette, samt beredskapsplass for utrykkingskøyretøy.
I planprosessen skal det vurderast moglegheit for å kunne etablere zipline innanfor området. Aktuelt område for ein trase vil vere frå endepunkt for Via Ferrata med trasé mot basen ved Gråskei. Aktuelt areal for zipline er inkludert i varsla planområdet, men vil kunne bli tatt ut i planprosessen dersom det syna seg lite hensiktsmessog å etablere eit slikt anlegg.
Aktuelt område for planarbeidet er i gjeldande kommuneplan (vedtatt 2018) satt av til LNFR-område, landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift, areal for spreidd bustad-, fritids- og næringsbebyggelse. Og til fritidsbusetnad, der tilrettelegging for friluftsliv og tiltak for universell tilgjenge kan søkast om og unntakas frå det generelle forbodet.
Tiltaket foreslår i hovudsak friluftslivsformål, som vil samsvare med overordna plan, og plantiltak er derfor vurdert å ikkje falle inn under forskrift §6, Vedlegg I.
Tiltak for Via Ferrata er vurdert etter forskrift §8, vedlegg II, og om tiltaket vil medføre vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter §10.
Det er utarbeidd rapportar/vurderingar for konsekvensar for friluftsliv, landskap og biologisk mangfald som konkluderer med at tiltaket ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn. Desse vil leggast til grunn i planarbeidet, og består av følgjande rapportar;
- vurdering av konsekvenser for biologisk mangfold’ (Finne Natur, 2021)
- vurdering av konsekvenser for friluftsliv’ (Finne natur, 2021)
- landskapsanalyse (Stener Sørensen, 2021)
Tiltak for zipline vert vurdert etter §8, å kunne hamne inn under vedlegg II nr.12 a). Det vert derfor vidare vurdert om tiltak kan ha konsekvens for miljø eller samfunn etter §10. For lokalisering trasé/punkt, vil ein søke ei løysing der ein best mogleg innordnar seg terreng/landskapet i området. Etablert infrastruktur, stiar og ny infrastruktur knytt til Via Ferrata anlegg er tenkt nytta for tiltaket (samnytte). Ein ønsker i likhet med via Ferrata anlegg å legge trasé for zipline til rette slik at ein ikkje påverkar edellauvskog i området. Anlegg vil utformast med svært lite fotavtrykk, samt at tiltak vil vere reversibelt i framtida dersom det ikkje lenger skulle vere aktuelt å drive med slik aktivitet. Det vert såleis vurdert at tiltak vil ha liten konsekvens for miljø eller samfunn, og såleis ikkje kome innanfor §8 sitt saklege verkeområde. Konsekvens av tiltak vil blir vurdert i ROS-analyse og planomtale.
Varsla planområde utgjer om lag 890 daa, og famnar om noko meir areal enn det som er tenkt regulert. Dette er for å blant anna sikre siktsoner, vurdering av tilrettelegging for noko parkering, og terrengtilpassing for Via Ferrata- trasé, samt vurdering av zipline og mogleg trasé. Plangrense kan verte juster i planprosessen.
Det vart halde oppstartsmøte med teknisk-/planavdelinga i Sigdal kommune den 15.02.2023, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Referat frå oppstartsmøte og utarbeidd Planinitiativ er tilgjengeleg på heimesida til kommunen, Sigdal Aktiv og iVest Consult.
Viktige tema som vil bli vurdert i planarbeidet er blant anna;
- Landskap og estetikk/nær- og fjernverknad
- Kulturminne/Kulturmiljø
- Friluftsområde og nærmiljø
- Tilkomst og parkering
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til
iVest Consult AS, innan 16.10.2023.
HØYRINGSFRIST 16.10.2023
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til
iVest Consult AS, innan 16.10.2023.
iVest Consult AS,
Strandgata 10, 6905 FLORØ
T: 957 41 102 / 960 18 986// E: post@ivestconsult.no