Venera Rugova er nyleg tilsett ved iVest sitt kontor i Florø, men jobbar frå Tirana i Albania.

Venera er utdanna sivilingeniør ved Aalborg Universitet (2017) med spesialisering i mobilitet og urbane studiar. Ho har ein variert fagleg bakgrunn innanfor byutvikling frå både privat- og offentleg sektor. Frå privat sektor har Venera erfaring frå eit mindre arkitektkontor i Moss og frå rådgjevarselskapet SWECO AS. Før ho byrja i iVest jobba Venera i Plan- og bygningsetaten i Oslo.

Venera synes det er positivt at det i Florø er politisk vilje til å investere i næringar og industriar av nasjonal interesse, frå oppdrettsanlegg til fornybare energikjelder, for å nemne nokon. Desse verksemdene kan utgjere enorme kontraster i landskapet i ein liten by som Florø, noko som gjer rolla til iVest ekstra viktig under alle planfasar i prosjektet. Venera opplev at iVest har brei fagkunnskap og kan komme med løysingar for næringsbransjen, men og innan byutviklingsrelaterte utfordringar.

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å