Rehabilitering av Høyanger Samfunnshus - ivestconsult.no

iVest Consult har vore ansvarleg prosjekterande og søkar for rehabilitering av Høyanger Samfunnshus. Dette har vore eit tverrfagleg prosjekt mellom ARK, RIB, RIV og RIE. Det er installert ny heis i bygget og gjort mange andre tilpassingar ift. universell utforming. Brannalarmanlegget er nytt, og ein har gjort ein del tiltak i høve brannsikring av bygget. Alle dei tekniske anlegga på bygget er bytta, og ein har mellom anna satt inn ei varmepumpe med det framtidsretta og miljøvenlege kuldemediet propan. Nyoppussa bibliotek med nytt interiør og nye fargar som no er eit «meir opent bibliotek»; det har vore spennande å jobbe med. Det verkar som innbyggarane i Høyanger er godt nøgde med resultatet!

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å