Rehabilitering av Høyanger Samfunnshus - ivestconsult.no

Høyanger Samfunnshus har fått total rehabilitering som kombinert forsamling og kontorbygg. iVest Consult har vore ansvarleg prosjekterande og søkar for rehabilitering. Dette har vore eit tverrfagleg prosjekt mellom ARK, RIB, RIV og RIE. Her er det mangen kulturtilbod med bibliotek, kino og teater. Bygget er et sentralt forsamlingslokale for Høyanger.

Vi har utført tilstandsanalyse i 2018 med fokus på utskifting av tekniske anlegg. Det er installert ny heis i bygget og gjort mange andre tilpassingar i forhold til universell utforming. Brannalarmanlegget er nytt, og ein har gjort ein del tiltak i høve brannsikring av bygget. Alle dei tekniske anlegga på bygget er bytta, og ein har mellom anna satt inn ei varmepumpe med det framtidsretta og miljøvenlege kuldemediet propan. Nyoppussa bibliotek med nytt interiør og nye fargar som no er eit «meir opent bibliotek»; det har vore spennande å jobbe med. Vi har detaljprosjektering i alle fag med diverse utgreiingar som til dømes val av energikilde og enovasøknadar.

  • Stad:

    Høyanger, Ytre Sogn

  • Kategori:

    Rehabilitering & Transformasjon, Kultur, Detaljprosjektering VVS-tekniske anlegg

  • Program:

    Forsamlingslokale (kino-, fest-, diskoteksal og kjøkken) og kulturtilbod som bibliotek, kino og teater.

  • Status:

    Ferdigstilt 2021

  • Areal:

    3000 m²

  • Fagfelt:

    Arkitektur // Bygg og Konstruksjon // Tekniske Fag

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å