Personopplysingar er informasjon som kan koblast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysingar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte. I denne personvernerklæringa kan du lese om kva personopplysingar iVest Consult er handsamingsansvarleg for. Det er viktig for oss at du veit kva slags personopplysingar vi handsamar, slik at du kan ta i vare dine rettar etter personvernlovgjevinga.

Opplysningar om eigar
Eigar av nettstadene er iVest Consult AS, Strandgata 10, 6905 Florø
E-post: post@ivestconsult.no. Organisasjonsnummer: 993 456 721, som og er ansvarleg for bedrifta si handtering av personopplysningar.

Behandlingsansvarleg
Administrerande direktør er på vegne av iVest Consult behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar.

Nettstaden ivestconsult.no
Vår databehandlar på denne nettstaden er Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240

Informasjonskapslar på ivestconsult.no
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøkjer ei nettside. Vi brukar ikkje informasjonskapslar for å identifisere deg

Vi brukar ein sesjonsavhengig informasjonskapsel (session cookie) for å lette bruken av nettstaden, ved til dømes at nettlesaren hugsar kva sider du har vore innom slik at dei legg seg i hurtigminnet og det går raskare å navigere. Du kan sjølv velje å slå av slike informasjonskapslar i nettlesaren, men brukaropplevinga og navigeringa på nettstaden kan då bli forringa.

I tillegg brukar vi ein informasjonskapsel for å beskytte brukaren og nettsidene mot angrep. Denne kan ikkje veljast vekk.

Begge desse informasjonskapslane vert sletta når du lukkar nettlesaren.

Statistikk
Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet pirsch.io. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Verktøyet nyttar ikkje informasjonskapslar, og vi kan ikkje spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar.

Dataene vi samlar inn vert lagra innanfor EU, og er i tråd med krava i GDPR, CCPA og Schrems II.

Skjema
Publikum kan sende oss førespurnader om visse tenester. Dette skjer gjennom å fylle ut og sende inn skjema. Namn og kontaktinformasjon vil vere informasjon vi samlar inn. Skjema vil bli sletta når sakshandsaminga er avslutta.

Når samlar tredjepartsaktørar inn opplysingar om deg?
Når du skal klikker på linker til samarbeidspartar, kundar e.l., vert du sendt til tredjepart sine nettsider. Personopplysingar som eventuelt vert samla inn då, handsamar ikkje vi. Då er det desse si personverklæring som gjeld.

Dine rettar til innsamla personopplysingar.
På ivestconsult.no vert det samla inn personopplysingar i samband med utfylling av skjema. Dette kan vere bestilling av av tenester. Informasjonen det er snakk om, vil vere avgrensa til namn og kontaktinformasjon, som vert knytt til din førespurnad.

Desse personopplysingane vert handsama i tråd med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan krevje innsyn i, og flytting av eigne personopplysingar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Krav frå den registrerte skal besvarast kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Det kan klagast til Datatilsynet på handsaming i strid med reglane.

Kontaktinformasjon:
Hendvendingar om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting skal sendast skriftleg til: post@ivestconsult.no