Markegata er ein trafikkert veg som har behov for eit innbydande prosjekt som løfter opp gata til ein meir attraktiv strekning. Markegata 30 har ein gong vore eit trehus med mange lokale minner. Vi har ein tett dialog og veksling av idear med byggherren.

I første etasje (næringslokale og parkeringsareal) har vi valt å trekkje inn ein meter for å gi breiare fortau til forgjengarane. Når vi går rundt hjørnet møter vi ein brei offentleg trapp som leder opp til Hansabakken. Her møter vi eit inviterande offentleg uterom som kan brukas for alle med opparbeidt sitteplassar og bed. Plan 2 rommar eit open og flott næringslokale. Plan 3 og 4 tilbyr seks leilegheiter og på toppen kan bebuarane bruke takterrassen. Leilegheitene har egne balkongar mot vest og meir beskjeden fasade i bakgarden.

Landskapsarkitekten vår frå iVest har prosjektert det offentlege uterommet langs Magnus Thingnesgate. Vi ønskjer å bidra til eit meir urbant og inviterande uterom som kan brukast i Florø sentrum.

  • Stad:

    Florø sentrum, Kinn kommune

  • Kategori:

    Reguleringsplan, Arkitektur

  • Program:

    Næringslokal, kontor, bustad, takterrasse

  • Status:

    2020, Reguleringsplan

  • Areal:

    1600 m²

  • Fagfelt:

    Arkitektur // Plan og Infratruktur

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å