25 av dei 35 tilsette i iVest Consult var med på strategisamlinga. Framme frå venstre: Magdalena Renkas, Hilmar Eliasson, Hilde Ellingsen Nilsen, Juanita Sekkingstad, Hilde Marie Kvamme, Janne Sunde Yri, Jane Berg Solheim, Aurora Skumlien, Ole Jakob Osvold, Bengt Hellevang, Renate Tansøy, Monica Humlestøl og Gjermund Jørgensen. Bak frå venstre: Ademar Cordero Zelada, Knut Johan Aase, Johannes Bernard, Kjell Ove Yri, Kjartan Øen, Vidar Bloom Kauppi, Sondre Høyvik Hilde, Trygve Riste, Jørgen Årdal, Roald Ask, Krzysztof Wojcik og Jan-Inge Hage

I haust samla dei tilsette i iVest Consult seg i Florø til strategisamling. Målet for dagen var å sjå framover og få gode innspel til ein ny strategiplan for 2027–2030.

Kva skal iVest Consult vere dei neste åra og korleis skal vi kome oss dit? På strategisamlinga fekk dei tilsette høve til å kome med tankar, idear og innspel om korleis selskapet skal utvikle seg dei neste åra.

– Det er viktig for oss at strategien ikkje berre blir eit dokument, men noko dei tilsette kjenner seg att i og har eit eigarforhold til, seier Jan Inge Hage, dagleg leiar i iVest Consult.

No blir innspela frå samlinga tatt med vidare i styret sitt arbeid med strategiplanen.

Lokal kompetanse på fleire plassar

iVest Consult er i dag eit av dei største ingeniør- og arkitektselskapa i gamle Sogn og Fjordane. Hovudkontoret vårt ligg i Florø, med avdelingskontor i Sogndal, Førde, Stryn, Bergen og Oslo.

– Breidda er stor. Hos oss jobbar ingeniørar, arkitektar, planleggjarar og andre rådgjevarar på tvers av fagområde for å finne dei gode løysingane for kunden, forklarar han.

Åtte nye tilsette på halvanna år

Strategiarbeidet kjem etter ein periode med vekst. Berre det siste halvanna året har selskapet fått åtte nye medarbeidarar. Det gir oss meir kompetanse og større kapasitet, og er samtidig eit viktig bidrag til lokalsamfunna vi er ein del av.

– Åtte nye tilsette på så kort tid er mykje for eit selskap som oss. Vi er veldig glade for å få fleire dyktige folk med på laget, men det krev ein del av organisasjonen. Nye medarbeidarar skal bli kjende med både bedrifta, prosjekt, system, kundar og måten vi jobbar på, utdjup Jan Inge.

Det siste halvanna året har det komt 8 nye tilsette hos oss. Oppe frå venstre: Helge Emil Tefre (infrastruktur), Jørgen Årdal (elektro), Kjartan Flekke Øen (konstruksjon & brannteknikk), Aurora Skumlien (plan). Nede frå venstre: Knut Johan Aase (arkitektur), Sondre Hilde Høyvik (arkitektur), Vidar Bloom Kauppi (plan) og Magdalena Renkas (landskapsarkitektur).

Saman med ein stram marknad i 2025 og konkurransar med små eller ingen marginar, gjorde dette fjoråret krevjande. Difor er vi ekstra stolte av at vi i all hovudsak klarte å halde alle i arbeid gjennom året.

Lysare utsikter i 2026

Heldigvis ser dette året betre ut. Oppdragsmengda framover er større enn på same tid i fjor, og marginane har betra seg.

Vi set også stor pris på at både store og små aktørar vel å bruke iVest Consult som lokal leverandør. Samtidig har vi utvikla gode samarbeid med andre rådgjevande selskap rundt om i landet. Det gir oss nye moglegheiter for kompetanseutvikling og ressursutveksling, og gjer at vi kan stå sterkare saman i felles prosjekt.

Bidreg til å skape lokale arbeidsplassar

Vi ønskjer også å gi unge ein inngang i bransjen. Før sommaren hadde vi Elena frå Florø ungdomsskule på besøk, der ho fekk prøve seg som arkitekt i ei veke, med god oppfølging frå arkitektane våre Ademar Cordero Zelada og Rune Melvær. I sommarferien jobba Sara Klokkernes, som studerar bygningsdesign på Danmarks Tekniske Universitet i København, hos oss og fekk vere med på fleire spennande prosjekt.

Kort oppsummert: Vi vil vere med på å skape arbeidsplassar og utvikle kompetanse lokalt. På denne måten bidreg vi til at fleire får moglegheita til å flytte heim.

Vi tek gjerne ein prat med deg

Jan-Inge Hage

Dagleg leiar
jih@ivestconsult.no
975 11 472