Strandgata 10
6905 FLORØ
I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om utviding av planområde for detaljregulering for Nesjane, gbnr. 52/1 m.fl. næring, Kinn kommune, planID: 20200112. Det vert òg varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram jfr. Plan- og bygningslova §§ 4-1 og 12-9.
Tiltakshavar for planarbeidet er Kinn kommune.
Plankonsulent er iVest Consult AS
Formål/Bakgrunn for ny varsling av planarbeidet:
Aktuelt område omfattar eksisterande næringsområde på Nesjane i Eikefjord med tilgrensande område rundt. Tidlegare varsla planområde var på 327 daa og er no utvida til kring 365 daa.
Behov for utviding av plangrensa er etter innspel frå næringsaktørane på Nesjane om deira framtidige arealbehov der fleir av innspela gjekk utover rammene i tidlegare utarbeidd planforslag som vart lagt på høyring i 2021. Endeleg plangrense kan verte juster i planprosessen.
Det er vidare konkludert med at dei planlagde endringane utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram etter forskrift om konsekvensutgreiingar, og pågåande planarbeid vert derfor varsla på ny. Sjå meir utfyllande informasjon i høve KU-vurdering og vidare prosess i planarbeidet i utarbeidd forslag til Planprogram.
Medverknad og høyringsfrist:
Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling om utviding av plangrense, samt kunngjering av offentleg ettersyn av forslag til Planprogram.
Det vert vidare lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult innan 24.09.2026.
HØYRINGSFRIST 24.09.2026
Vi ber om at merknader/innspel til forslag til endring blir sendt til:
iVest Consult AS,
Strandgata 10, 6905 FLORØ
T: 952 10 105 // E: plan@ivestconsult.no


