I løpet av tre dagar har den kunnskapsrike gjengen i planavdelinga funne ein ny metodikk som skal hjelpe med å levere betre tenester til kundane. Frå venstre: Juanita Sekkingstad, Monica Humlestøl, Venera Rugova, Vidar Bloom Kauppi, Jane Berg Solheim, Magdalena Renkas, Christine Humlestøl Midtbø, Margreth Bjørkum Jensen og Aurora Skumlien.

Plan-avdelinga i iVest Consult, som er fordelt på seks kontor og med base i Florø, kickstartar våren med ein kreativ workshop. Målet er å finne gode måtar å samarbeide på, dele erfaringar og utvikle oss som team.

Planavdelinga i iVest Consult utarbeidar areal- og reguleringsplanar på vegne av private utbyggarar, grunneigarar eller kommunar. Vi bistår i heile prosessen frå skisse til vedtatt plan, inkludert konsekvensutreiing og dialog med det offentlege. I dag er planavdelinga ni tilsette med høg og relevant utdanning. Samtidig er vi ein del av eit større fagmiljø geografisk spreidd over heile landet: Florø, Førde, Sogndal, Bergen, Oslo og no også i Måløy.

Tre innhaldsrike dagar

I vår samla plan-avdelinga seg til ein kreativ workshop. Sidan vi sit på fleire lokasjonar var det viktig for oss å møtast fysisk, både for å styrke relasjonar på tvers av kontor og for å skape eit felles fagleg fundament. Målet var å vidareutvikle arbeidsmetodar som gir kundane betre prosessar, tydelegare samhandling og meir robuste planløysingar.

– Vi er mange tilsette i plan-avdelinga og då er det kjekt å få til ei fysisk samling der vi kan vere kreative i lag og bygge samhald på dag- og kveldstid, fortel nytilsette Aurora Skumlien. Ho starta hos oss i oktober, vi kan fortelje at ho er med på fleire spennande prosjekt.

Rådgjevar Venera Rugova sit til vanleg i Oslo, men tok turen over fjellet for å leie workshopen og treffe kollegaer. Saman med dei andre i teamet har ho planlagt tre innhaldsrike dagar for å styrke avdelinga.

Arealplanleggarane Aurora Skumlien, Venera Rugova og Vidar Bloom Kauppi er ein tredjedel av plan-avdelinga i Vest Consult.

Dag 1: Menneskesentrert metode i praksis

Under workshopen set plan-avdelinga seg inn i ein konkret case som dei skal jobbe med. Workshopen startar med synfaring av lokasjonen for å bli godt kjent med prosjektet og få i gang inspirasjon.

– Saman drøftar vi kva som inspirerer oss til kreativ tenking og brei idéutvikling, korleis vi kan bruke inspirasjonen inn i prosjektet og til å tenke breitt for å danne eit grunnlag til innovative løysingar. Alle idéar, både små og store, er velkommen. Dette er ein metodikk som vi no nyttar i arbeidet med nye prosjekt, fortel Venera.

Plan-avdelinga tek for seg ein medverknadsmetodikk som kan brukast både internt og eksternt, i samarbeid med kundar og andre aktørar.

– Metodikken byggjer på menneskesentrert design. Det betyr at vi aktivt set oss inn i rolla til bebuaren, naboen eller besøkande. Vi set oss inn i menneska sitt perspektiv. Kva behov har ein? Kva kjensler skal den som bur eller er nabo med prosjektet ha? Ut frå dette formar vi ein god metodikk som gir best mogleg forståing av kunden sine ønsker, forklarar ho engasjert.

Resultatet frå første dagen er ein felles idébank og eit likt kunnskapsgrunnlag for alle deltakarane, som set tonen for de to neste dagane.

Landskapsarkitekt Magdalena Renkas på synfaring under workshopen.

Dag 2 og 3: Vidare utvikling og kritisk vurdering

Dei neste to dagane jobba vi med å identifisere utfordringane rundt casen. Korleis opplevast området i dag? Korleis kan vi utvikle metodikken vidare for å gje best mogleg resultat for kunden?

– Ein viktig del av arbeidet er å formulere konkrete scenario og løysingar for prosjektområdet. Vi leitar etter realistiske og gjennomførbare grep som skapar verdi både for kunden og omgjevnadane, på både mikro- og makronivå. Desse scenarioa blir visualiserte på eit kart, slik at alle får ei felles forståing. Frå dette utgangspunktet byggjer vi bru mellom situasjonen i dag og visjonane for prosjektområdet, og det er dette som legg grunnlaget for det vidare planarbeidet, utdjupar Venera.

Alle kundar er forskjellige, og difor er det viktig å tilpasse metodikken til kvart prosjekt. Vi har stor tru på å få i gang den kreative prosessen tidleg i lag med kunden. Når vi utviklar prosjektet saman frå start, blir løysingane ofte betre, meir gjennomtenkte og betre forankra.

– Når vi får kunden tidleg med i den kreative prosessen, opplev eg at prosjekta blir meir forankra og robuste. Det handlar om å utvikle løysingar i lag, skyt kollega Vidar Bloom Kauppi inn.

Under workshopen jobba vi både enkeltvis og i grupper for å skape gode idéar og løysingar for kundane våre. Slik får vi i gang inspirasjon, idéar og konsept som til slutt blir ein del av idébanken.

Realisme, berekraft og lokal forankring

Vi ser at krava til tekniske løysingar, berekraft og realisme blir stadig strengare. Prosjekta vi leverer må vere gjennomførbare, sjølv når visjonane er store. Difor er det viktig å hente inspirasjon frå omgjevnadane, materialbruk og lokale forhold, og tilpasse dette til kvart enkelt prosjekt.

Ein skal ikkje berre utvikle et område med kunden, men også naboar og kommune. Det krev gode prosessar, realistiske løysingar og evne til å balansere visjonar med aukande krav til det tekniske, berekraft og realisme i prosjektet.

Tusj, klossar og post-it lappar er essensielle i ein kreativ workshop. Bilde til venstre: Vidar Bloom Kauppi, Juanita Sekkingstad, Monica Humlestøl. Bilde til høgre: Rune Melvær, Venera Rugova, Magdalena Renkas, Juanita Sekkingstad og Monica Humlestøl

– Lokal forankring er viktig for å lukkast i prosjekt. Det er her vi har barna våre, kvardagen vår og engasjementet vårt. Vi kjenner historia til lokalmiljøet og vi kjenner det politiske miljøet, noko som gir prosjekta ein ekstra dimensjon og styrkar kvaliteten i arbeidet. Dette er noko vi også etterstreba når vi jobbar med prosjekt andre stadar i landet, understreker Jane Berg Solheim som er fagansvarleg på plan og leiar for plan-avdelinga.

– Vi veit kvar skoen trykk i dei ulike fasane. Med kunnskap om heile prosessen, kan vi jobbe på tvers av faga og syte for ein godt gjennomført prosess. iVest Consult brenn for utvikling og ønskjer å bidra til gode, varige løysingar. No er vi godt rigga til å levere enda betre tenester til kundane våre, avsluttar ho.

Eg tek gjerne ein prat med deg

Vi utvidar med nytt kontor! Juanita Sekkingstad er tilbake frå foreldrepermisjon og kan treffast på det nyetablerte Måløy-kontoret vårt. Det er i 2. etasje i «Gjensidige-gården» i Gate 1 59, der skal ho sitte med blant anna Måløy Vekst. Ta gjerne kontakt for ein kopp kaffi og ein prat.

Juanita Sekkingstad

Rådgjevar plan
jus@ivestconsult.no
960 18 986