Varsel om planoppstart for nytt bustadfelt på Solheim, Kinn kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat detaljregulering for Krokvollen, gbnr 25/26, bustad i Kinn kommune, planID 20250006. Planområdet er på om lag 16 dekar og omfattar noko meir areal enn sjølve bustadføremålet, for å sikre vegtilkomst og grøntområde. Plangrensa kan bli justert i planprosessen.

Tiltakshavar for planarbeidet er Trygve Ullaland. Plankonsulen er iVest Consult AS

Formål/Bakgrunn for planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for eit nytt bustadfelt på Solheim, i tråd med kommunedelplanen for Florelandet Brandsøy (B18). Området skal regulerast til bustadformål med tilkomst, og det blir planlagt ulike typar bustader som einebustader, rekkehus og fleirmannsbustader.

Planområdet ligg i ei sørvendt skråning med gode solforhold. Nærleik til skule, barnehage, butikkar og friluftsområde gjer området godt eigna for familiar.

Området har god kollektivdekning med to busshaldeplassar og etablert gang- og sykkelveg, som sikrar tilkomst til sentrum og nærområda. Det er også kort veg til badeplass, småbåthamn og turområde.

 Utgreiingsbehov og vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing:

Det vart gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 24.06.2025, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid.

Planarbeidet skal særleg vurdere tema som trafikktryggleik, vegtilkomst, landskap, naturmangfald, kulturminne, friluftsliv, universell utforming, infrastruktur, samfunnstryggleik  og miljøfagleg tilhøve. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen og ROS.

Kommunen er samd i vurdering om at planarbeidet ikkje vil utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). For meir informasjon i høve planfagleg bakgrunn, vurdering av konsekvensutgreiing samt verknadar av planforslaget sjå utfyllande planinitiativ og oppstartsmøtereferat.

Medverknad og høyringsfrist:

Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til

iVest Consult AS, innan 25.08.2025

 

Strandgata 10, 6905 FLORØ

Telefon 98899980

E-post: plan@ivestconsult.no

 

Vedlegg:

  1. Varsla plangrense og overordna planer
  2. Brev til grunneigarar/naboar/offentlege instansar
  3. Planinitiativ
  4. Referat frå oppstartsmøte