Strandgata 10
6905 FLORØ
Jan-Inge Hage er den nye daglege leiaren i iVest Consult, og med han ved roret går bedrifta ei spanande tid i møte. Han kjem inn i rolla med ein brei og allsidig bakgrunn – og er allereie godt kjent med bedrifta.
Tilbake på kysten
Jan-Inge Hage er eit kjent fjes hos iVest Consult. Han var dagleg leiar i bedrifta frå 2012 til 2021, før han blei kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune. Dette er ein mann med mykje kompetanse og erfaring. Jan-Inge er sivilingeniør innan prosjektplanlegging og ingeniør i konstruksjon og teknisk planlegging. Han har mellom anna vore direktør i SIMAS, teknisk sjef i Vik, Gaular og Luster, og rådgjevar i Norplan.
«Du kunne ikkje tenkt deg tilbake?»
Det var ikkje heilt planen at eg skulle tilbake til iVest Consult, men ein dag kom eg tilfeldigvis i prat med ein tidlegare kollega. Det eine leia til det andre, og i mai 2025 kom eg tilbake som dagleg leiar. Dei fleste som jobba i iVest Consult når eg slutta er der framleis, så det er kjekt å komme tilbake til gamle kollegaer. Den største forskjellen sidan sist er at vi er i eige bygg, og det er stas.
Sauebonde, dagleg leiar og musikar
Jan-Inge er ein allsidig kar som kombinerer fleire roller i kvardagen. I tillegg til å vere dagleg leiar i iVest Consult er han sauebonde på garden i Haukedalen. No når lamminga er over, er garden full av liv. Vi har omtrent 150 dyr på garden som sprett rundt omkring på beite. Så kjem hausten. Og med den kjem det som alltid er like tungt; avgjerda om å sende dyr til slakt. Det blir ikkje lettare med åra, kanskje tvert imot. Kanskje det har med alderen å gjere, smiler han lurt.
Som om det ikkje var nok, er han musikar i tillegg. Songar som «Rådhuset», «Heim te Hårklau», «Hoggormjakt på Hårklau», «Førde in my mind» og «Slaktehusblues», finn du på Spotify.
Eit selskap i vekst
Fram til no har Jan-Inge brukt mesteparten av tida på å sette seg inn i jobben. Sjølv om eg har jobba her før er det ein del system og prosjekt eg må sette meg inn i. Etter kvart vil eg bruke meir tid ute med kundar og vere «hands on». Framover vil eg jobbe for eit trygt og godt arbeidsmiljø, og at vi skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar og samarbeidspart. Vi har ledige kontor og auka arbeidsmengde, og søker etter fleire folk som vil jobbe saman med oss.
Med kunden sitt beste i fokus
Han peikar på den tverrfaglege kompetansen i selskapet som ein stor styrke. Her jobbar ingeniørar, arkitektar, planleggjarar og rådgjevarar tett saman for å løyse både store og små oppdrag – alltid med kunden sitt beste i fokus. Med denne kompetansen i ryggen står vi godt rusta til å tilby heilskaplege og berekraftige løysingar til kundane våre, avsluttar Jan-Inge.