Strandgata 10
6905 FLORØ
Vi er iVest Consult
iVest Consult AS er eit fleirfagleg rådgjevingsmiljø som jobbar med utviklinga av morgondagens samfunn. Vi leverer tenester innan arkitektur, bygg, anlegg, konstruksjon, brann, bygningsfysikk, infrastruktur, arealplanlegging, VVS, elektro, miljø, energi og vasskraft – og deltek i mange spanande prosjekt i regionen.
Vi har hovudkontor i Florø, i nye moderne lokale, og avdelingar i Stryn, Sogndal, Måløy og Førde. No søkjer vi nye, engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av vårt fagmiljø.
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og trivsel. Som ein del av iVest Consult vil du få høve til å delta i prosjekteringsgrupper på større prosjekt over heile regionen og bidra i utviklinga av berekraftige og framtidsretta løysingar. Vi har stort fokus på samarbeid på tvers av fagområda våre – det er slik vi skapar dei beste løysningane.
Vi er eit selskap i vekst, og på jakt etter gode fagfolk som kan bli med å utvikle morgondagens løysingar i byggenæringa. Send oss gjerne ein open søknad til post@ivestconsult.no, dersom det ikkje ligg stillingsutlysningar nedanfor.
Vil du bli ein del av eit sterkt kompetansemiljø?
Søknadsfrist 30.06.25. Send søknad og CV til dagleg leiar Jan-Inge Hage: jih@ivestconsult.no.
Hos iVest Consult blir du ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid og tverrfagleg utvikling står i sentrum. Du vil få vere med på komplekse og varierte prosjekt, alt frå bustadutvikling og offentlege bygg til teknisk infrastruktur og berekraftige energiløysingar. Vi verdset nytenking, initiativ og fagleg utvikling, og gir deg høve til å påverke både prosjekta og di eiga karriere.
Vi ser etter:
- Arkitektar, landskapsarkitektar eller by- og arealplanleggjarar
- Rådgjevande ingeniørar innan eit eller fleire av følgande fagområde:
- Infrastruktur og VA
- VVS, miljø, berekraft og fornybar energi
- Elektro
- Byggeteknikk, konstruksjon, brannteknikk og bygningsfysikk
- Erfaren oppdragsansvarleg, prosjekteringsleiar, byggeleiar og/eller prosjektleiar
- Deg som er nysgjerrig og open for faglege utfordringar og nye løysingar
- Deg som er god på samarbeid og har eit ønskje om å dele kunnskap
Vi tilbyr:
- Ein spanande arbeidskvardag med varierte og framtidsretta prosjekt
- Fleksible arbeidstilhøve og arbeidsstad
- Eit miljø med høg trivsel og sterke faglege nettverk
- Satsing på kompetanseutvikling og innovasjon
- Moglegheit for medeigarskap i eigen arbeidsplass
Vi er interessert i å kome i kontakt med deg som ønskjer å bli ein del av vårt fleirfaglege fellesskap.
Vil du bli med og forme framtida i eit sterkt fagmiljø saman med oss i iVest Consult AS? Då er dette jobben for deg!
Send søknad og CV til dagleg leiar Jan-Inge Hage: jih@ivestconsult.no.
Søknadsfrist 30.06.25