Tenneskjeret_planavgrensing ivestconsult.no

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljreguleringsplan. Aktuelt planområde omfattar delar av etablert industriområde på Fjord Base (ved Tenneskjeret) i Florø, gbnr 27/1249 i Kinn kommune. Tiltakshavar er Fjord Base AS.

Formål/Bakgrunn for planarbeidet:

Føremål med planen er å legge til rette for eit flytande anlegg for import, oppbevaring og eksport (bunkring) av flytande ammoniakk ved Tenneskjeret/etablert industriområde. I samband med tiltak vil det vere behov for tilrettelegging i høve areal i sjø, og ein vil då kome noko utanfor areal som er regulert til industri i områdeplan for Florelandet Nord. Areal i sjø er i dag er knytt til industri og tilkomst frå sjø. Sjå planinitiativ for meir detaljar.

Varsla planområde utgjer om lag 360 daa. Endeleg planavgrensing kan verte justert i planprosessen. Naboar/partar er tilskrive med eige brev.

Planområdet vil omfatte del av etablert industriområde ved Tennskjeret (del av område I1 i områdeplan for Florelandet Nord), gbnr. 27/1249 og areal i sjø.  I gjeldande detaljreguleringsplan er landareal regulert til formål industri/næring. Dette er tenkt vidareført, men med tilpassingar i høve plantiltak med bunkringsanlegg for ammoniakk. Areal i sjø er i hovudsak ikkje regulert, men ligg i tilknyting til etablert/regulert industriareal. Det vil her vere aktuelt med etablering av flytande konstruksjonar i høve drift innanfor området. Areal i sjø er i dag nytta for ferdsel i samband med industriområda, og evt. etablering av flytande konstruksjonar skal ikkje kome i konflikt med ferdsel og tilgjenge, og vil vere i samsvar med drifta i området. Del av areal som ligg innanfor eldre reguleringsplan som er vedtatt skal opphevast; Botnaneset, Industriområde, frå 1981. I ny detaljreguleringsplan vil ein stadfeste dagens og framtidig bruk for område i sjø.

Utgreiingsbehov:

Det er gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune 17.01.2023, der kommunen stillar seg positive til planarbeidet. Planarbeid er vurdert å vere i tråd med overordna plan og det er ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing. Nærare vurdering av KU går fram i planinitiativ.

Det er utarbeidd søknad til DSB der det er utført kvantitativ risikoanalyse (QRA) for tiltak av etablering av bunkringsanlegg for ammoniakk, og det er i tillegg utført ei eiga ROS-analyse etter pbl. for tiltaket. Risikovurderingar knytt til tiltak og fare for forureining blir såleis ivaretatt gjennom andre lovverk og oppfølging av DSB. Konklusjonar og vurderingar i samband med dette vil vere viktige moment i planarbeidet og vil bli innarbeidd i plandokumenta.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult innan 05.05.2023.

HØYRINGSFRIST 05.05.2023

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS innan 05.05.2023

iVest Consult AS,
Strandgata 10, 6905 FLORØ
T: 960 18 986 // E: post@ivestconsult.no