iVest Consult har bidrege i den nye brannstasjonen i Høyanger kommune. I dette oppdraget har iVest Consult hatt ansvar for detaljprosjektering innan elektro/automasjon, VVS og VA, i tett samarbeid med dei øvrige fagdisiplinane og entreprenørane i prosjektet. Dette er eit prosjekt der moderne løysingar og funksjonell design står i sentrum.

Prosjektet omfattar både rehabilitering av eksisterande bygningsmasse og oppføring av nybygg/tilbygg, noko som har stilt krav til god koordinering og løysingsorientert prosjektering. Som del av førebuingane gjennomførte iVest Consult også miljøkartlegging av det eksisterande bygget før rivearbeida starta, for å sikre forsvarleg handtering av avfall og materialar i tråd med gjeldande miljøkrav.

Den nye brannstasjonen er eit moderne og framtidsretta anlegg, tilpassa dagens behov og framtidige krav til beredskap og drift.
Vi takkar Høyanger kommune for tilliten og eit godt samarbeid gjennom heile prosessen.