Berekraft gjennomsyrer alt vi gjer

iVest Consult skal vere leiande innan berekraftige løysingar for bygg- og anleggsbransjen og i planarbeid. Vi er Miljøfyrtårn-sertifiserte, har kompetanse innan BREEAM-standardar og er medlem i Grønn Byggallianse. Desse sertifiseringane dokumenterer det systematiske arbeidet vårt med berekraft. Med ein brei tverrfagleg kompetanse utviklar vi innovative løysingar som møter morgondagen sine utfordringar – og bidreg til redusert klimaavtrykk.

Berekraftig design og konstruksjon
Vi prosjekterer bygg og anlegg med lågt klimaavtrykk og lang levetid. Våre rådgjevarar kombinerer fagkompetanse frå fleire område for å levere heilskaplege løysingar som balanserer miljø, sosiale og økonomiske omsyn. Dette sikrar at prosjekta våre ikkje berre er miljøvenlege, men også kostnadseffektive og funksjonelle over tid.

Energieffektivitet og materialval
Redusert energibruk står sentralt i prosjekta våre. Vi implementerer innovative teknologiar og smarte designløysningar for å minimere energibruk i bygg. Samstundes har vi eit sterkt fokus på val av material som kan gjenvinnast og ser på digitale plattformar for gjenbruk. På denne måten støttar vi utviklinga av ein sirkulær økonomi i byggebransjen.

Tverrfagleg styrke – grønare løysingar
Den fleirfaglege kompetansen er vår store styrke. Vi set saman rådgjevarar på tvers av fagfelt for å levere berekraftige, framtidsretta og nyskapande løysingar. Gjennom kunnskapsdeling og samarbeid på tvers av fagområde får du innovative og praktiske løysingar tilpassa deg.

Ved å velje iVest Consult, får du ein partnar med berekraft i ryggmargen. Lat oss saman bygge ei grønare verd – eitt prosjekt av gongen.