I vår søkte iVest Consult etter nye tilsette, og responsen var stor. Over 40 søkarar viste interesse for å bli ein del av laget vårt. No kan vi endeleg presentere to nye ressursar. Vi ønsker Kjartan Flekke Øen og Aurora Skumlien velkommen til teamet.

Aurora flyttar vestover og tek planfaget med seg

Aurora Skumlien er vårt nyaste tilskot i plan-avdelinga. Ho er frå Gjøvik, og no har ho pakka med seg klede og kompetanse, og flytta til Florø for å starte i jobben hos iVest Consult.

Aurora har bachelor i kulturminneforvalting og ein master i fysisk planlegging frå NTNU. Gjennom studia har ho tileigna seg brei kompetanse om kunnskap om samordna areal- og transportplanlegging og berekraftig utvikling, med eit fokus på korleis kulturarven kan takast vare på i framtidig planlegging.

Det som verka spennande med å jobbe hos iVest Consult er at ein får vere med på heile prosessen, frå første idé til ferdig prosjekt. Eg ser fram til å bidra i planarbeid som gjer ein forskjell for lokalsamfunna, fortel Aurora.

Aurora har base på hovudkontoret i Florø, der ho vil jobbe tett saman med rådgjevarar i teamet vårt.

Teknisk og praktisk styrke

Kjartan Flekke Øen er tilsett som rådgjevande ingeniør i konstruksjon og brannteknikk. Han kjem frå Førde, og er fagutdanna tømrar. Etter fleire år i byggebransjen tok Kjartan ein bachelor i bygg- og anleggsingeniør ved Høgskulen på Vestlandet i Førde.

Under studiet arbeidde Kjartan med eit spennande forskningsprosjekt der han og forskingspartnar George Sudi Ishimwe undersøkte om restmassar frå Engebø-anlegget kunne nyttast i betongproduksjon. Resultatet vart ein betongtype som er 3 % sterkare enn vanleg betong og godkjend for bruk på det norske markedet. No er han klar til å bruke erfaringar frå byggebransjen og studiet, og levere gode løysingar til kundar.

Det er mykje nytt å sette seg inn i, og iVest er flinke til å legge opp ein innkøyringsfase. Eg er allereie involvert i fleire spennande prosjekt og det er kjekt, fortel Kjartan.

Kjartan vil i hovudsak sitte på iVest Consult sitt hovudkontor i Florø, men kjem òg å jobbe frå kontoret i Førde.

Vi tek gjerne ein prat med deg

Aurora Skumlien

Rådgjevar plan
aus@ivestconsult.no
941 73 012

Kjartan Flekke Øen

Rådgjevar konstruksjon & brannteknikk
kfo@ivestconsult.no
900 17 028