I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er i hovudsak gbnr. 56/11 ved Herland på Atløy. Tiltakshavar for planarbeidet er Atløy Invest AS v/Thomas Lervåg.

Formål/Bakgrunn for planarbeidet:

Formålet med planen er tilrettelegging for fleire hyttetomter som ei utviding av eksisterande hyttefelt, der ein kan nyttiggjere seg av etablert veg og infrastruktur.

Det er planlagd kring 15 hyttetomter, med tilsvarande størrelse som eksisterande tomter (600-700 m2). Byggevolum og byggehøgd skal tilpassast tomtene og terrenget på ein god måte, og det er planlagd grøntareal mellom tomter. Tilstrekkeleg utsyn mot vest skal sikras for kvar einskild hyttetomt. Tilkomst til nye hyttetomtar er planlagd frå regulert veg i eksisterande plan.

Som del av arbeidet vert det lagt til rette for offentleg parkering i tilknyting til turløype frå Herland til Kjørvik.

For området inne i vågen skal det vurderast tilrettelagt for hytte i tilknyting til eksisterande bygg, samt areal som kan opparbeidast som fellesareal, evt. badeplass.

Varsla planområdet er på ca. 105 daa, og kan verte justert i planprosessen. Planavgrensing er vist med raud stipla linje i vedlagte kartutsnitt.

I overordna plan, Kommuneplanens arealdel 2014-2025 for Askvoll kommune, er området avsett til LNF-formål, med omsynssone for at gjeldande plan for området skal gjelde.

I arbeidet med arealdelen blei det gjeve innspel om å få innarbeidd til fritidshusføremål innanfor aktuell del av gbnr. 56/11. Innspelet blei vurdert i konsekvensutgreiing i overordna plan, der det blei vurdert at utviding av hyttefelt ville gjeve små/ingen konfliktar. Den faglege vurderinga var at området kunne leggjast ut til fritidshusføremål. Styringsgruppa for planarbeidet tilrådde likevel at innspelet skulle avvisast, og at eksisterande hyttefelt i området må byggjast ut før ein legg ut nye område. Arealdelen vart vedteken utan fritidshusføremål på det omsøkte arealet. I etterkant har det vist seg at det er marknad for fleire hyttetomter på Herland, og etter administrasjonen sitt syn er aktuelt område eigna til hytteutbygging, og i følgje kommunen vil planlagde tiltak kunne vere eit fortetting som ikkje vil gå vesentleg utover rekreasjonsverdien i området.

Varsla planområde omfattar gjeldande eldre reguleringsplan Endring for gnr.56 bnr.124, og del av gnr.56 bnr.11 – Norheim, datert 11.06.2007. I gjeldande reguleringsplan er aktuelt område for plassering av hyttetomtar avsett til friluftsområde. Planlagde tiltak med etablering av nye hyttetomter er i all hovudsak tenkt utanfor regulert hyttefelt i eksisterande plan, og planlagde tiltak vil derfor ikkje gjeve behov for endring innanfor areal avsett til fritidsbustadar i eldre plan. Ny plan vil erstatte delar av eldre plan, eventuelt heile.

Vidare grensar varsla plangrense til Detaljreguleringsplan for Hyttefelt på Herland Gn 56 bnr 129, datert 20.04.2016. Planlagde tiltak vil ikkje gjeve behov for endring av denne.

Utgreiingsbehov

Det vart halde oppstartsmøte med Askvoll kommune den 31.01.2022, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna estetikk, naturmangfald, teknisk infrastruktur og overvasshandtering, m.fl..


Vurdering av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing:

Aktuelt område for ny plan ligg mellom/inntil areal som allereie er regulert til hytteføremål, og Askvoll kommune er positive til hytteutbygging innanfor området. Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, er konsekvensutgreidd i overordna plan der det vert vurdert små/ingen konflikt. Vidare vart planspørsmål behandla og vurdert å samsvare med føringar gitt i gjeldande plan, og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg 1. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8.

Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

Formålet med planarbeidet, og forslag til planformål, er konsekvensutgreidd (KU) i overordna plan, der det vart vurdert at det er små/ingen konflikt. Planarbeidet er dermed vurdert å ikkje utløyse krav om KU.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan innan 15.8.2022 vende seg til

iVest Consult AS,
Strandgata 15, 6905 FLORØ
T: 966 27 980 // E: post@ivestconsult.no

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å