Oppstart planarbeid Atløy

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er del av gbnr. 56/6, m.fl. Tiltakshavar for planarbeidet er Magne Helge Nordheim.

Formål/Bakgrunn med planarbeidet:

Formål med planarbeidet er tilrettelegging for kring 9 nye bustadtomter innanfor del av gbnr. 56/6, fordelt på to områder, då i hovudsak 4 tomter innanfor B26, og 5 innafor B28. Tomtene er tenkt å ha ein størrelse på om lag 900-1000 m2. Estetikk og god terrengtilpassing vert vektlagd, der byggevolum og byggehøgd vert tilpassa tomter, terreng, og omkringliggande bustader. Nye tomtar vil vere fortetting av etablert busetnad, og vil nyttiggjere seg av etablert vegtilkomst og infrastruktur i områda.

Planlagde tiltak med tilrettelegging av bustadar vil vere med å møte etterspurnaden etter attraktive tomter i tilknyting til eksisterande busetnad i området. Planen skal sikre grøntdrag som blant anna gjev tilkomst til Kollen som er eit viktig utsiktspunkt. Nordsjøløypa til Brurastakken er tenkt regulert frå parkeringsplassen i eksisterande hyttefelt, og gjennom område regulert til fritidsbustader (F21), og vert dermed ivaretatt. Nord i planavgrensinga er areal teken med for å etablere parkeringsplass, evt. garasjeanlegg, for eksisterande hyttefelt.

Det totale planområdet utgjer om lag 86,3 daa, der planavgrensing er blitt utvida for å inkludere delar av regulert veg, då denne ikkje samsvarar med etablert veg. Aktuelt areal for dette er merka med raudt på kartutsnitt. Planavgrensing kan verte justert i planprosessen.

I overordna plan Kommuneplanens arealdel 2014-2025 for Askvoll kommune, er aktuelt område avsett til Busetnad (B26, B28), Fritidsbustader (F21) og LNF-formål, samt omsynssone for naturmiljø.

Tilgrensande reguleringsplan vest for aktuelt område er Reguleringsplan for Bjørneneset sør, datert 09.10.2003. Areal her er avsett til fritidsbustader med friluftsområde rundt.

Eksisterande reguleringsplan i nord er Endring av reguleringsplan for Bjørneneset, datert 17.12.2004. Areal i denne er avsett til bustadformål, fritidsbustader, veg med friluftsområde rundt.

Varsla plangrense omfattar delar av areal i tilgrensande reguleringsplanar for å kunne vurdere vegtilkomst og evt. behov for siktsoner, samt innarbeide allereie utførte endringar i ny plan.

Det er ikkje registrert kulturminne eller viktig naturområde innanfor planområdet. Området består i hovudsak av barskog i vest og lauvskog i aust, men området er ikkje i kjerneområde for skogbruk.

Utgreiingsbehov

Det vart halde oppstartsmøte med Askvoll Kommune den 29.03.2022, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Kommunen vurderer planarbeidet til å vere i tråd med formål i overordna plan og stillar difor ikkje krav om konsekvensutgreiing i planarbeidet. Tema som vil bli vurdert i planarbeidet er blant anna; Landskap og estetikk, kulturminne/kulturmiljø og Klimaendringar m.fl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen i tillegg til utarbeiding av ROS-analyse.

Vurdering av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing:

Aktuelt område for ny plan grensar i vest til eit område som allereie er regulert til busetnad, i aust grensar planområdet til etablert busetnad i uregulert område, men der deler av areal er avsett til utbygging i overordna plan. Formål med planarbeidet, og forslag til planformål er vurdert å i hovudsak samsvare med overordna plan og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg 1. Vidare er det vurdert at plantiltaket ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentlege verknader for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8.

Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å