I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt område er K9, som omfattar gbnr. 202/12 m.fl.Tiltakshavar for planarbeidet er Svst & Best Invest AS v/Sverre Stenbakk.

Formål/Bakgrunn for planarbeidet:

Formål med planarbeidet er vidareutvikling av sentrumseigedomane på gbnr. 202/67, 202/86 m.fl. Det skal leggast til rette for kombinert bustad- og næringsformål med parkeringskjellar og tilhøyrande infrastruktur. Næringsformål er tenkt å kunne vere leilighetshotell/kontor/forretning. Nytt bygg er planlagt etablert i 4 etasjar mot gate, med ei tilbaketrekt 5. etasje, med kjellar under bakke. Tilkomst til parkeringskjellar/1. etasje er planlagd frå gateplan i Hamnegata. Det vil etablerast private balkongar, samt uteopphaldsareal i felles bakgård innanfor kvartalet. Bakgård er tenkt etablert på same nivå som Strandgata, med tilrettelagt gangforbindelse mellom Strandgata og Hamnegata. Kvartalstrukturen skal ivaretakast, og det er tenkt å ta utgangspunkt i kringliggjande bygningar med god tilpassing i høve desse. Det vert lagt vekt på bruk av gode material, og opparbeiding av gode felles areal i tilknyting til bustadar vert ein viktig del av planarbeidet.

I overordna plan kommunedelplan for Florø sentrum 2018-2022, er området sett av til sentrumsformål (K09), med omsynssone for bevaring av kulturmiljø (NB!-område). Delar av området ligg også innanfor faresone for flaum. Det er sett krav om utarbeiding av reguleringsplan ved nye tiltak der heile kvartalet skal regulerast under eit. Det er ikkje registrert viktige naturområde innanfor planområdet.

 Ein viktig del av bymiljøet i Florø sentrum er knytt kvartalsstrukturen. Gatestrukturen med kryssande gater og siktlinjer mot sjø er karaktertrekk av bydanninga frå 1860, og desse momenta vil bli særleg vektlagt i planarbeidet. Eksisterande bustadar innanfor området er registrert som kommunalt særskilt verneverdige bebyggelse. Eksisterande bustader vert vidareført som dei er, og planlagde nye tiltak vil ikkje vere i konflikt med desse.

Eksisterande sjøbu på gbnr. 202/67 er registrert som verneverdig miljøobjekt. Opprinnelig vart den aktuelle bua bygd for å nyttast til sjøretta formål, og bygget låg då i direkte tilknyting til sjø. I dag er arealet rundt sjøbua utfylt og området er opparbeidd som del av gateløpa i sentrum. Bua har seinare blitt ombygd ved fleire høve, både innvendig i bygg for å kunne nyttast til forskjellige formål, og utvendig på fasade med ulike vinduer, dører, kledning, og tilbygg. Bygget er etablert innanfor flaumutsett område og har vore oversvømt som følgje av stormflo ved fleire høve. Dette, saman med byggets utforming og tekniske tilstand, har

vist seg å vanskeleggjer å kunne nytte bygget til sentrumsformål eller anna bruk. Dei seinare åra har bygget meir eller mindre stått tomt utan funksjonell bruk, og dette pregar også byggets tilstand. Det er vidare knytt usikkerheit til byggegrunn under bygget, og med bakgrunn i desse momenta er eksisterande bygg tenkt rive/relokalisert. Nytt bygg på den aktuelle tomta er planlagt etablert lenger mot vest, enn den eksisterande bua står i dag. Nytt bygg skal i tillegg etablerast på ei høgare kote, som avbøtande tiltak mot flaum. Det totale planområdet utgjer om lag 4,3 daa, der endeleg planavgrensing kan verte justert i plan-prosessen.

Utgreiingsbehov

Det vart halde oppstartsmøte med Kinn kommune den 24.01.2022, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Kommunen vurderer planarbeidet til å i hovudsak vere i tråd med formål i overordna plan, og stillar difor ikkje krav om konsekvensutgreiing i planarbeidet. Tema som vil bli vurdert i planarbeidet er blant anna; Estetikk og byggeskikk, kulturmiljø, miljøfaglege tilhøve, naturfare/flaum mfl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen i tillegg til utarbeiding av ROS-analyse, samt illustrasjonar av planlagt utbyggingsmønster og utbyggingsvolum.


Vurdering av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing:

Aktuelt planområde er i gjeldande kommunedelplan sett av til sentrumsformål. Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, er vurdert å samsvare med overordna plan, og fell såleis ikkje inn under Forskrift om konsekvensutredninger §6, vedlegg 1. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8. Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

HØYRINGSFRIST: 29.1.2023

Vi ber om at merknader/innspill til forslag til endring blir sendt til

iVest Consult AS,
Strandgata 15, 6905 FLORØ
T: 966 27 980 // E: post@ivestconsult.no

© Kopirett - iVest Consult • Personvernerklæring • Webutvikling: A til Å