Frå og med i sommar kan iVest Consult tilby landskapsarkitekttenesta og tenesta innan hagedesign.

Magdalena er nytilsett landskapsarkitekt hjå iVest Consult, og ho er utdanna på Det ermelandskmasuriske universitet i Olsztyn (bachelor), og miljø- og biovitenskapelige universitet i Wroclaw, Polen (master). Etter dette jobba ho 1 år for Riksantikvaren (National Heritage Board of Poland) i Olsztyn, og samarbeidde med Narviksenteret som frivillig, før ho gjekk vidare og studerte Fornybar Energi på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) i Ås. I løpet av studietida si der reiste ho på utveksling til Canada på Environmental studies. Magdalena er særleg interessert i og har spesialisert seg i å kople samen naturlege system og infrastruktur for å skape betre blå og grøne strukturar i urbane områder.

Som Landskapsarkitekt kan Magdalena jobbe med alt frå stadutvikling i by og bygder, utforme landskap, park- og idrettsanlegg, friluftsområde, skoleområde, designe små og store byrom, i tillegg til å planlegge bustadområde, veg- og infrastrukturanlegg.

Innan Hagedesign kan Magdalena hjelpe hageeigarar med å lage spennande planar for hager og uterom. Dette kan vere alt frå enkle skisseplanar med tips og idear for utforming av terrasse, gangvegar og plassering av plantebed, til utarbeiding av situasjonsplanar og heilheitlege hageplanar med målsette teikningar med konkrete løysingar. Med ein slik plan dannar ein eit godt grunnlag for anbod og vidare utføring av til dømes anleggsgartnar, entreprenør, snekker, eller andre. Vi kan då også bidra med å knyte rett fagpersonell i ditt område til gjennomføring av hageprosjektet etter ferdig utarbeidd hageplan. Sjå gjerne døme på utarbeidde hageplanar nedanfor.

Lokalt kan vi utføre befaring i hage, medan vi gjennom nettsida Enklere Hage kan utarbeide prisgunstige hageplaner over hele landet ved at hageeigar sjølv tar bilde og sender eventuelle skisser/kart eller annet aktuelt grunnlagsmateriale over til oss.

Døme på enkel skisseplan

Døme på Situasjonsplan/hageplan

Døme på Heilheitleg hageplan

Besøk gjerne også nettsida Enklere Hage for inspirasjon