VVS – Energi

Miljøutfordingar får stadig større fokus både lokalt og globalt. Stor tilgang til billige ressursar som olje og vatn har over tid gjeve ein ukritisk bruk av desse ressursane.

Energi og energibruk har alltid vore basis i VVS-faget. iVest Consult er derfor opptatt av at energi skal nyttast i den form og mengde og over den tid som er mest tenlig for miljøet og for våre kundar.

Dette gjev låge driftskostnader til glede for brukaren og reduserte utslepp til det ytre miljø. I tillegg er vi opptekne av eit godt indre miljø, der inneklima er i fokus. Godt inneklima bidreg til lågt sjukefråvær.

Vi er i dag 3 ingeniørar på denne avdelinga, med god røynsle innanfor fagområdet. Er godkjent i høgste tiltaksklasse 3 både som prosjekterande og kontrollerande. Vi kjenner dei fleste typar bygg som kontor- og forretningsbygg, barnehagar og skular, bustadbygg, kulturhus og museumsbygg, parkeringshus, idrettshallar, lager og industribygg.

Tenestespekteret vårt er:

  • Sanitær-, varme- og luftbehandlingsanlegg
  • Energivurderingar(enøk) og forsyning
  • Energisertifisering og tilstandvurdering
  • Søknadar Enova og fylkeskommunale tilskot
  • Kjøleanlegg og varmepumper
  • Brannslokking – sprinklar
  • Styringssystem i saman med elektro
  • Forvaltning, drift og vedlikehald
  • Måling av vass- og luftmengder
  • Måling av inneklimaparametrar; CO2, luft-fukt (luftråme), temperatur

Vi konstruerer og teiknar våre installasjonar 3-dimensjonalt. Vårt mål er å være stadig oppdatert på nye programvarer og vi nyttar blant anna Revit som plattform i fellesprosjekt med dei andre i iVest. Dette gjev og fortrinn i høve BIM.

Våre ingeniørar har røynsle frå mange store prosjekt i fylket og landet elles, som t.d.:

  • Eikefjord Skule
  • Tilstandsanalyse og enøkplan for Naustdal kommune
  • Sunnfjord Medisinske Senter, Florø
  • Bilskadesenteret i Førde
  • Fjernvarme Nydalen, utbygging av fjernvarme- og fjernkjølenett
  • Drift av Nydalen energisentral
  • Prosjektering av diverse energisentralar
  • Nytt administrasjonsbygg for Politiet i Florø
  • Høgskulen i Førde
  • Ungdomspsykiatrisk senter i Førde
  • Ombygging Florø Sjukehus
  • Diverse energianalyse for Bergen, Flora og Bremanger, samt Sogn og Fjordane fylke