VA og veg

Vatn og avløp

iVest Consult si avdeling for VA og Veg med fagområdet vatn og avløp, består av ingeniørar med lang erfaring frå prosjektering av VA-anlegg. Vi har godkjenning i høgste tiltaksklasse som prosjekterande og kontrollerande for prosjektering. Vi nyttar Novapoint sin VA-modul i planarbeidet. Vi har røynsle frå prosjektering og utarbeiding av komplette anbodsgrunnlag for både offentlege og private VA-anlegg – anten som eigne prosjekt eller i tilknyting til bygg/byggefelt, vegprosjekt m.m.

Vi kan m.a. bistå med:

  • Tekniske/økonomiske utgreiingar
  • Hovudplanar
  • Vurdering av eksisterande anlegg
  • Prosjektering og prosjekteringsleiing
  • Anbodsdokument for VA-anlegg
  • Utsleppssøknader
  • Byggeleiing

Veg

iVest Consult si avdeling for VA og Veg med fagområdet veg, består av siv.ing, ingeniør og naturforvaltar med brei erfaring frå prosjektering av veganlegg. Vi har godkjenning i høgste tiltaksklasse som prosjekterande og kontrollerande for prosjektering. Vi nyttar Novapoint sin Veg-modul til konstruksjon av terrengmodellar og teikningsproduksjon. Vi har røynsle frå prosjektering, utarbeiding av byggeplanar og komplette konkurransegrunnlag for riks- og stamvegnettet, for kommunale vegar og for private vegar.

Vi kan m.a bistå med:

  • Detalj-/reguleringsplan for veganlegg
  • Byggeplan og anbodsdokument for vegprosjektering
  • Oppfølging i byggetida
  • Byggeleiing
  • Byggesakshandsaming