Prosjektadministrasjon

iVest Consult har solid kompetanse og brei erfaring innan prosjektadministrasjon. Våre medarbeidarar har lang erfaring i prosjektadministrasjon frå rådgjevar- og entreprenørsida og innanfor mange fagområde.

Ved sida av leiing av prosjekt innan bygg, feltutbygging, veg og tekniske anlegg, så innehar iVest Consult og særskild kompetanse på byggeleiing av prosjekt med stor kompleksitet, som flyplassar, bergverksdrift, skipsverft og hamneutbygging.

Innan prosjektadministrasjon utfører vi prosjektleiing, prosjekteringsleiing og byggeleiing for private og offentlege oppdragsgjevarar.

Prosjektleiing:

Organisering og styring av prosjekt, under dette kjem framdrifts- og økonomistyring, etablere system og rutinar for kvalitetssikring og kontroll. Samarbeid med brukarorganisasjonar innanfor prosjekt.

Prosjekteringsleiing:

Ansvar for å leie og koordinere arkitektar, landskapsarkitektar og rådgjevande ingeniørar i prosjekteringsarbeidet. Styring av hovudframdrift og overordna økonomi i høve prosjektet sine einskilde fasar og aktivitetar.

Byggeleiing:

Ivareta byggherren sine pliktar og krav i gjennomføringa av prosjektet. Byggeleiar tek ofte del i evaluering av tilbod, forhandlingar om kontrakt og kontrahering. Byggeleiar har under utføringa av prosjektet, nær kontakt med byggherre, entreprenørar, prosjekterande og styresmakter. Byggeleiar sine verkty er m.a. plan- og bygningslova med forskrifter, byggherreforskrifta, norske standarardar m.m.

  • Prosjektgransking
  • Kvalitetssikring
  • Oppfølging av rutinar for SHA (sikkerheit, helse og arbeidsmiljø)
  • Kontroll og styring av prosjektøkonomi mot budsjett
  • Tinging av endringar- og tilleggsarbeid utanom kontrakten
  • Oppfølging av dagleg framdrift, og hovudplan for framdrift/styring
  • Gjennomføre og leie møter og skrive referat frå desse
  • Leie ferdigsynfaring og overtakingsforretning
  • Kontrollere dokumentasjon for «som bygget» – og FDV (forvaltning, drift og vedlikehald)
  • Kontroll av økonomisk sluttoppgjer
  • Oppfølging av prosjektet i garantitida