Konstruksjon

iVest Consult si konstruksjonsavdeling består av sivilingeniørar og ingeniørar.

Vi har lang erfaring med konstruksjonsteknisk prosjektering og har godkjenning i høgste tiltaksklasse både som prosjekterande og kontrollerande av prosjektering.

Konstruksjonsteknisk prosjektering er innanfor dei fagområda eller tiltakstypane som i bygningslova blir omtala som «bæreevne og stabilitet» og «konstruksjoner og anlegg». Vi utformar og dimensjonerar konstruksjonane slik at dei toler dei påkjenningane som dei vert utsette for i samsvar med gjeldande norske reglar og standardar.

Vi har røynsle med dei fleste bygningstypar som kontor- og forretningsbygg, barnehagar og skular, bustadbygg, kulturhus og museumsbygg, parkeringshus, idrettshallar, lager og industribygg.

Innanfor konstruksjonar og anlegg har vi prosjektert vegbruer og kulverter, tunnelportalar og rasoverbygg, kaier og ferjekaier, siloanlegg med kraner og lastearrangement.

Konstruksjonsteknisk prosjektering kan vere alt frå dimensjonering av konstruksjonen til komplett arbeidsgrunnlag i form av teikning, detaljar og beskriving:

  • Statiske berekningar
  • Dynamiske analyser av konstruksjon utsett for jordskjelv og andre vekslande laster
  • Val av materiale i forhold til bruk, miljø og andre påkjenningar. Betong/mur/stål/tre
  • Fundamentering
  • Dimensjonering av konstruksjonen
  • Arbeidsteikningar og detaljer
  • Beskrivingar og mengder 3-dimensjonal modell med informasjon om bygningsdelane (BIM)

Store og kompliserte konstruksjonar vert analyserte i nøyaktige elementprogram der modellane er bygd opp 3-dimensjonalt ut frå arkitekten sin teikningsmodell eller frå vår eigen teikningsmodell. I desse analyseprogramma kan vi sjå korleis konstruksjonen reagerer på dei påførde lastene.

Teikningsmodellen vert bygd opp 3-dimensjonalt ved bruk av programvare som Revit og Tekla med tilhøyrande applikasjonar avhengig av type konstruksjon. Alle teikningar og detaljer vert generert frå modellen.

Den ferdige teikningsmodellen inneheld alle opplysningane (BIM) om dei ulike elementa i konstruksjonen. Ein «sjå og les» versjon av modellen er ein del av ferdigdokumentasjonen der byggherren kan lese ut opplysningar om mengder, materiale, typar og dimensjonar.

iVest Consult har i dag 2 sivilingeniørar og 1 ingeniør som prosjekterer i Tekla. Hovudtyngda av oppdraga kjem gjennom vår samarbeidspartnar Prefab Design i Stavanger og består for det meste av prosjektering av prefabrikkerte element. I tillegg prosjekterer vi også stålhaller, bustadblokker og kontorbygg (stål/betong/prefab) i Tekla. Nettverk: Prefab Design, Stavanger (www.prefabdesign.no)

Arne Vidar Svardahl

Arne Vidar Svardahl