iVest

Strategi

iVest Consult skal drive med rådgjeving basert på økonomisk uavhengig basis og elles i samsvar med etiske normer som gjeld for medlemmer av RIF. Vi skal vere retta mot marknaden og fokusert på resultat etter gode forretningsmessige kriteria. Vårt bidrag til kundane skal medføre verdiskaping på ein slik måte at det fører til auka etterspurnad etter tenestene våre.

Kundane våre er offentlege og private aktørar, særskilt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre, men også i resten av landet. Vi ynskjer å tilby kundane det beste av uavhengig rådgjeving åleine, men også gjennom samarbeid med entreprenørar i totalentreprisar og som etterspurt partner av andre rådgjevingsfirma og arkitektar, gjerne gjennom samarbeidsavtaler. Det skal vere kvalitet på tenestene våre.

Medarbeidarane er fundamentet for verksemda vår. iVest Consult vil prioritere fagleg og menneskeleg utvikling for medarbeidarane våre og legge til rette for varierte og interessante arbeidsoppgåver. Vi vil utvide horisonten ved å delta aktivt i prosjekteringsgrupper og spisse oss gjennom samarbeid med andre kompetanseverksemder som igjen skal gje tilgang på nye oppdrag.

Styret

Styret i iVest Consult as er pr. 01.07.2017 samansett slik:

  • Janicke Svendal, styreleiar
  • Albert Frøyen, styremedlem
  • Arne-Vidar Svardahl, styremedlem
  • Gustav Johan Nydal, styremedlem
  • Bengt Hellevang, styremedlem
  • Terje Svardahl, varamedlem

Organisasjon

Organisasjonskart over iVest

Eigar

iVest Consult AS er 100% eigd av iVest Holding AS, som er eigd 100% av dei tilsette i iVest Consult AS.

iVest Consult AS

iVest Consult er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap.

Vi utfører fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, vassdragsteknikk, miljø og energi, ingenørar og planleggarar. Vi er 33 tilsette i selskapet.

Vi held til i Strandgata 15 og Strandgata 17 i sentrum av Florø og har kontor i eit spanande fagmiljø med arkitektar, økonomar, rekneskap, reklamebyrå og bank og finans.

Kom gjerne innom for å slå av ein prat med oss.

iVest Consult er sertifisert som Miljøfyrtårn.