Fornybar energi

Småkraftverk – Vindkraft

Interessa for å bygge ut småkraftverk har vore sterkt aukande i dei seinare åra. Bygging av småkraftverk er god distriktspolitikk og vil gje ekstra inntekter til fallrettseigarar. Det er ein lang og tidkrevjande prosess å realisere kraftverksprosjekt og her er det viktig å engasjere fagleg dyktige rådgjevarar.

iVest Consult kan ta på seg oppdrag i samband med småkraftverk/vassdragsteknikk:

  • Prosjektvurdering/-utvikling
  • Konsesjonssøknader
  • Fritakssøknader
  • Detaljprosjektering inkl. anbodsgrunnlag
  • Byggemelding
  • Prosjektoppfølging
  • Byggeleiing/-kontroll

I tillegg kan vi også tilby tenester som vassdragsteknisk ansvarleg (VTA), dvs. at kan ta på oss det faglege ansvaret for å følgje opp tryggleiken ved vassdragsanlegga frå planlegging til drift.

Vi har også personell som har deltatt i arbeidet med konsekvensutgreiing og konsesjonssøknad for Guleslettene vindkraftverk i Flora og Bremanger kommune. Det er planlagt 48 vindturbinar med samla installasjon på 150 MW og årsproduksjon på 500 GWh.

Vi har personar som har lang erfaring i aktuelle fagområde og disponerar moderne EDB-verktøy til bruk i planlegginga.