Elektro

Vår elektroavdeling har brei erfaring med rådgiving, planlegging, prosjektering og installasjonar av elektro- og teletekniske anlegg. Vårt firma er opptatt av å vere i front og oppdatert innan teknologi og verktøy. Vi satsar derfor på gode hjelpemidlar og oppdatering i lover, forskrifter og standardar.

Av EDB-verktøy bruker vi MagiCad og Revit, som teiknings- og konstruksjonsverktøy, G-prog som beskrivingsverktøy, og vidare FEB-dok og lysberegningsprogram for berekning av elektro- og lysinstallasjonar. I Revit teiknar vi i 3D og kan simulere elektroinstallasjonen inn i byggeteikninga, og på den måten kan vi «sjå» den planlagde installasjonen som ferdig i bygget.

Vi er integrert i felles kontormiljø med Byggfag og VA/VVS. Det gjer at vi har nært samarbeid og koordinering mellom fagfelta i felles prosjekt. Saman utgjer vi ei teknisk avdeling med høg kompetanse og lang fagleg erfaring. Vi har også samarbeid med andre større konsulentfirma.

Vi utfører tenester innan elektro som:

  • Bygginstallasjonar elektro generelt
  • Nødlysanlegg
  • Lys og varme
  • Nettverksløysningar innan tele og data
  • Brannalarmanlegg
  • Innbrotsanlegg
  • Overvaking ITV, CCTV
  • Antenneanlegg
  • Fiberanlegg bedriftsinterne nett
  • Lyd og bilde
  • IKT-løysingar
  • SD-anlegg

Av prosjekt tilbyr vi:

  • Prosjektering av infrastruktur for reguleringsplanar og industriområde
  • Tilbodsbeskriving og saksutgreiing for anbodsutlysing
  • Funksjons- og/eller detaljbeskriving av bygg- og tekniske elektroinstallasjonar
  • Teknisk koordinering og rådgjeving i bygg- og anleggsprosjekt

Utvalde referanseprosjekt:

  • Bilskadesenteret i Førde, nybygg
  • Svanøy røykeri, nybygg
  • Nye Svelgen barnehage, nytt påbygg
  • Nye Eikefjord barne- og ungdomsskule, nybygg
  • Luster omsorgssenter, tilbygg

Våre kundegruppe er:

  • Offentleg forvaltning
  • Industri og næring
  • Private

Dersom du treng oss eller vil vite meir om oss og våre tenester, tar du kontakt med vår fagleg ansvarleg