Bygningsteknikk

iVest Consult har gjennom mange år vore bygningsteknisk rådgjevar i mindre og større byggeprosjekt.

Vi har røynsle med dei fleste bygningstypar som kontor- og forretningsbygg, barnehagar og skular, bustadbygg, kulturhus og museumsbygg, parkeringshus, idrettshallar, lager og industribygg.

Våre tenester omfattar mellom anna:

Bygningsfysikk

Vår oppgåve kan vere å vurdere korleis ein skal tilpasse bygget/konstruksjonen til det indre og ytre miljøet som påverkar det/den. Faktorar i dette arbeidet er:

  • Materialbruk
  • Varme- og kuldetransport
  • Luft- og fukttransport

Brannteknikk

Vår oppgåve kan vere brannteknisk rådgjeving, prosjektering og dokumentering ved å utarbeide:

  • Tilstandsrapport
  • Brannteknisk dimensjonering
  • Brannteknisk dokumentasjon
  • Utarbeide brannstrategi
  • Planar for røykventilasjon, brannalarm- og sløkkeanlegg

Miljøkartlegging

Dagens lovverk stiller strengare krav i både rive-, rehabiliterings- og byggeprosjekt. Byggherre/byggeigar er ansvarleg for at farleg avfall blir sortert ut før det blir levert til deponi. Særleg bygg oppført før 1980 kan innehalde farleg avfall. Miljøkartlegging blir utført for:

  • At byggeigar skal få oversikt over miljøskadelege stoff i bygget sitt.
  • Som grunnlag for miljøsanering ved rehabilitering/riving av eit bygg, anlegg eller konstruksjon.