Byggesaker og Frådeling

Byggesaker

iVest Consult har sentral godkjenning for ansvarleg søkarfunksjon for tiltak som er søknadspliktig etter plan- og bygningsloven.

iVest Consult har kompetanse og jobbar kontinuerleg for å vere oppdatert med kunnskap om dei oppgåver som skal utførast som ansvarleg søkar.

Primære oppgåver:

  • Ansvar for utforming av søknaden og på vegne av tiltakshavar å fremme denne til kommunen.
  • Ansvarleg søkar har ei viktig koordinerande oppgåve i søknads- og prosjekteringsfasen.
  • Ansvarleg søkar skal fungere som adressat og bindeledd mellom tiltakshavar, bygningsmyndigheit og dei ulike, ansvarlege prosjekterande føretak.
  • Søknadar gjeld både rammeløyve og igangsettingsløyve – forutan løyve til tiltak i eit trinn etter PBL § 20-1 – og Ansvarlig søker er ansvarleg for all nødvendig dokumentasjon av tiltaket fram til alt prosjekteringsmateriale ligg føre i kontrollert stand for igangsetting.
  • Plassering av tiltaket i tiltaksklassar.
  • Samordne dei ansvarleg prosjekterande og utførande føretak der ansvaret er oppdelt.
  • Syte for at alle krav i rammeløyve blir ført vidare og ivareteke i prosjekteringa.
  • Utarbeide søknad om ferdigattest.

Frådeling av eigedom – justering av grenser

iVest Consult har fagleg kompetanse for oppretting av ny grunneigedom, grensejustering og arealoverføring som er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningsloven § 20-1 m, jfr § 26-1

Søknaden kan berre fremmast av den eller dei som er eigar(ar) av eigedomen(ane). Med dette meinast den eller dei som er registrert som heimelshavar(ar) til eigedomen(ane) i grunnboka. Samtlege heimelshavarar til samtlege eigedomar som skal gjeve frå seg, eller motteke areal må signere på søknaden. Dersom heimelshavar er eit føretak må det leverast firmaattest som ikkje er eldre enn 3 mnd saman med søknaden, og den eller dei som har signatur i følgje nemnde firmaattest må signere.

Dersom andre enn eigedomen sin heimelshavar opptrer som søkar må det framleggjast skriftleg fullmakt frå heimelshavar(ar). Ei slik fullmakt må vere datert og eintydig.

Primære oppgåver:

  • Ansvar for utforming av søknaden og på vegne av tiltakshavar å fremme denne til kommunen.
  • Oppdatert basiskart i målestokk.

Tillegg for bustadtomtar:

  • Innhente førehandsuttale frå Vatn- og avløpsetaten.
  • Avklare om det føreligg eventuelle private erklæringar for vatn/avløp og vegrett.
  • Innhente løyve/uttale frå Samferdselsetaten (kommunale vegar) eller Statens vegvesen.

Generelt:

Fleire kommunar tar etter kvart i mot søknadar elektronisk.
Vi brukar programmet Byggsøk. Vår kundegruppe er: private, det offentlege og næringsliv

Vi ufører også uavhengig kontroll i henhold til Plan og Bygningslova.

Monica Humlestøl

Monica Humlestøl