Varsel om oppstart av planarbeid i Sogndal kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 64/363 m.fl. Tiltakshavar for planarbeidet er Granden 25 AS.Hovudformål med planen er å legge til rette for utviding av tal einingar i bustaddelen, og ei mindre utviding av 1.etasje. Planområdet er på ca 2,2 daa, og er tenkt regulert til bustad/service. I kommuneplanen er området vist som sentrumsformål.

I gjeldande reguleringsplan er området avsett til service/industri, men det er og presisert at Toming A/S er kombinert bustad- og servicebygg.

Oppstartsmøte med Sogndal kommune vart halde den 29/10/19. Tema som skal vurderast i planarbeidet er mellom anna bygnadsstruktur, byggehøgder, grønstruktur, uteopphaldsareal, samferdsel, naturfare og nærmiljø.

Formål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 31.01.20

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96018986

 

vedlegg: Oversiktskart av planområde og utsnitt kommuneplan