Varsel om oppstart av planarbeid på Haukå i Flora kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 15/1, 6 og 3 på Haukå. Tiltakshavar for planarbeidet er Mowi Norway AS.

Formål med reguleringsplan er å tilrettelegge for bygging av «RAS»-anlegg («Recirculating Aquaculture Systems», dette er eit smoltanlegg (laks) der behovet for nytt vann er svært lite). Planen vil også inkludere areal for veg ved anlegget som må leggast om i samband med tiltaket, samt planlagt båthus i tilknyting til garden. Eit mindre areal i sjø er inkludert for å vurdere behov for sikring av tilflåt. Det totale planområdet vil utgjere ca. 38 daa, og er vist i vedlegg 3. Endeleg planavgrensing kan verte justert i planprosessen.

Planområdet er i hovudsak avsett til akvakultur, samt mindre areal til LNF-formål i gjeldande kommuneplan for Flora (2017-2027). Areal i sjø er avsett til Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørende strandsone. Det er ingen reguleringsplan for området per i dag, men det er i høve kommuneplanen krav om regulering for området før utviding av eksisterande anlegg. P

Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, er avklara med Flora kommune i oppstartsmøte den 08.05.2019. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna landskap, estetikk og byggeskikk, teknisk infrastruktur og overvasshandtering, trafikktilhøve, parkering, jordvern, landbruk (evt. erstatningsareal), biologisk mangfald, kulturminne, strandsone, samfunnstryggleik og beredskap, naturfare, klimatiske forhold og energiløysingar.

Utgreiingsbehov:

Plan vil ikkje omfatte tiltak i Vedlegg I i forskift om konsekvensutgreiing og fell derfor ikkje inn under forskriftas §6. Planen omfattar akvakultur og næringsbygg etter punkt i vedlegg II og er derfor vurdert etter forskrifta §10. Plantiltak er vurdert å ikkje kome i konflikt med verdiar knytt til friluftsliv- natur/landskap eller kultur, eller medføre vesentleg ureining eller auka belastning på miljøforhalda i området. Det vert på bakgrunn av dette vurdert slik at plantiltak for «RAS»-anlegg ikkje vil få vesentlege verknader for miljø eller samfunn, og derfor ikkje fell inn under forskriftas §8 saklege verkeområde, og vil dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Det er sendt søknad for utviding av anlegg til Fylkeskommunen for behandling etter akvakulturloven.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 05.07.2019.

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96018986

Vedlegg 1: Oversiktskart

Vedlegg 2: Aktuelt planområde

Vedlegg 3: Sjekkliste avklaring KU