Varsel om planoppstart i Botnaholten, i Flora kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 26/606, del av 26/234, mfl. Tiltakshavar for planarbeidet er BS Eigedom Florø as v/Geir Sandvik.

Aktuelt planområde er i gjeldande kommunedelplan for Florelandet – Brandsøy 2006 – 2018 i hovudsak sett av til eksisterande veg, næringsområde, framtidig bustadområde, samt LNF-område. For delar av LNF-område som ligg i tilknyting til næringsområde, er dette regulert som vegareal i gjeldande reguleringsplan for området. Området er i hovudsak regulert. I gjeldande reguleringsplanar er området avsett til industri/lager, veg, framtidig bustad og friluftsformål. Eit mindre område som ligg i tilknyting til Bjørndalsvegen er ikkje omfatta av reguleringsplan. Dette arealet ligg i dag som eit «restareal» langs regulert vegareal, og er i gjeldande kommunedelplan avsett til LNF-område. Sjå kartutsnitt i vedlegg 2.

Innanfor gbnr. 26/606 er det tenkt vidareutvikling av eksisterande næringsareal og betre tilkomst til området. Innanfor del av gbnr. 26/234 er det tenkt lagt til rette for nytt næringsareal med tilkomst. For nærliggande område rundt er det tenkt bevaring av grønstruktur med mogelegheit for etablering av sti/snarveg mellom bustadareal og nedre del av Bjørndalsvegen. I planprosessen vil ein også sjå på moglegheit for å tilrettelegge for betre sikt i Bjørndalsvegen, ved å opne for terrengjustering i sving langs delar av trase. Planområdet er på omlag 39 daa. Avgrensing kan verte justert i løpet av planprosessen.

Det er gjennomført planoppstartsmøte med Flora kommune den 18.10.2018. Landskap, estetikk, miljøfaglege tilhøve, teknisk infrastruktur, trafikktryggleik, born og unges interesser og tilgjenge er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen. Planen er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. God terrengtilpassing, arkitektonisk utforming, samt god tilrettelegging av uteområde vil vere førande i planarbeidet. For nærliggande område skal mogelegheit for ivaretaking av vegetasjon for å styrke visuell avstand mellom formåla vurderast.Konsekvensar/verknader av forslag til plantiltak/-løysing vil bli omtalt i plandokumenta.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 08.03.2019  

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/95741102/9346288

Vedlegg: Kartutsnitt