Varsel om planoppstart-endring av plan, i Bremanger kommune

 

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering, endring av gjeldande reguleringsplan. Aktuelt planområde er del av gbnr 32/3. Tiltakshavar for planarbeidet er Gunnar Mundal.

Hovudformålet med planarbeidet er endring av friluftsområdet F2 til LNF-område, der det vert opna for etablering av naudsynte landbruksbygg på eigedomen. inkl. våningshus, løe og naust, samt tilkomstveg til gardstunet. Det totale planområdet vil utgjere om lag 85 daa. I kommuneplanen for Bremanger er området vist som noverande byggeområdet for fritidsbustader, med stadfesta reguleringsplan. I Reguleringsplan for Gildreneset hyttefelt (2009) er planområdet avsett til friluftsføremål. Aktuelt området er per i dag nytta til gardsdrift og då beiteområdet for sau, arealføremålet LNF-området vil såleis vere meir i tråd med faktisk bruk av eigedomen.

Friluftsliv, Strandsone, tilkomst for ålmenta, estetikk, born og unge, Samferdsel og klimaendringar er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 25.01.2019

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96627987

 

Vedlegg 2
Vedlegg 3

Strandgata 15, 6905 FLORØ

Telefon 976 27 000/ 966 27 987

Epost: post@ivestconsult.no