Varsel om planoppstart, Rauma kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering for gondolbane på Åndalsnes. Tiltakshavar for planarbeidet er Romsdalsgondolen as.

Det blir i oppstartsvarslinga til planarbeid varsla for eit større område for å blant anna kunne vurdere ulike alternativa for lokalisering av nedre stasjon slik som vist i overordna planar (kommunedelplan og områdeplan referert til ovanfor). Nedre stasjon er tenkt plassert i sentrumsområdet i nær tilknyting til togstasjon, Tindesenteret, cruisekai, butikkar og andre etablerte sentrumsaktivitetar.

Toppstasjonen vil vere på/eller i nær tilknyting til platået på Nesaksla, som er endepunktet ved Romsdalseggen (kring 715 moh). På toppstasjonen er det tenkt å legge til rette for å kunne etablere bygg som kan huse cafe/restaurant, i tillegg til toalettfasilitetar.

Gondolen er tenkt bygd som ei pendelbane som i Loen (Loen skylift) med 2 kabinar, og med plass til 30 til 50 personar per kabin og ei rundetid på 5-7 minuttar

Varsla planområdet er på 0,5km2, der endeleg planavgrensing kan bli justert under planarbeidet til berre å omfatte stasjonsområda med tilhøyrande aktivitet, samt trase for gondolbane.

Det er gjennomført oppstartsmøte med Rauma kommune den 10.09.2018. Planarbeidet er i tråd med overordna plan, men er vurdert å kunne falle under punkt 12-a i Vedlegg II i KU-forskrifta, dvs. krav om konsekvensutgreiing utan krav om Planprogram. Konsekvensutgreiing av ikkje prissette tema som Landskap, Friluftsliv og Naturmangfald vil derfor inngå som del av planarbeidet.

I tillegg skal føljande tema vurderast i planarbeidet; Kulturminne/kulturmiljø, Strandsone, Folkehelse, Born og unge sine interesser, Trafikktilhøve, Teknisk infrastruktur, Miljøfagleg tilhøve, samt ROS-analyse (faremoment som skred/ras, flaum, beredskap, klima, m.m.).

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknadar eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til

iVest Consult as, innan 17.12.2018

Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/95741102.

 

Vedlegg 2_5