Varsel om planoppstart Steinvik Fiskefarm, Flora kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 88/6 mfl, i Flora kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Bru Eigedom AS.

 

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for vidareutvikling av Steinvik Fiskefarm med utviding av eksisterande visningssenter, samt tilrettelegging for aktivitetspark, museum mm. I kommuneplanen for Flora 2017-2027 er området avsett til akvakultur (nåverande), samt at deler av planområdet er avsett til LNFR området. Det er ingen reguleringsplan for området. Planområdet er nytta til oppdrett av matfisk og utgjer ein av Steinvik Fiskefarm sine fleire lokalitetar for fiskeoppdrett. Lokaliteten ligg i tilknyting til Steinvik Fiskefarm visningssenter, og vert nytta som visningslokalitet.

 

Oppstartsmøte med Flora kommune vart halde den 23.05.2017. Naturfare og trafikktryggleik er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

 

Det er ikkje krav om planprogram eller konsekvensutgreiing. Formål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

 

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 03.12.2018

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96627987

 

Vedlegg 2 Oversiktskart og utsnitt kommuneplan

Vedlegg 3_Planavgrensing