Varsel om planoppstart i Nord-Aurdal

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 –  forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 95/6 i Aurdal, Nord-Aurdal kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Nord-Aurdal kommune.

Planområdet er på ca. 18 daa, men kan verte justert i løpet av prosessen. Området er tenkt regulert til 24 institusjonsplassar for demente med tilhøyrande service og tekniske rom, samt sansehage/tilrettelagd uteområdet. I kommuneplan for Nord-Aurdal, 2014-2024, er området avset til formålet. Området er ikkje regulert. Tomta har tidlegare vore nytta til sjukeheim/institusjon, då med eit bygg med 60 plassar, som no er revet. Vest i planområdet er det i dag etablert tilkomst til området frå E16, trase for tilkomst til området er ikkje tenkt endra. Parallelt med reguleringsplanen skal det utarbeidast eit forprosjekt med ein situasjonsplan der det vert sett på planløysingar.

Oppstartsmøte med Nord-Aurdal kommune vart halde den 16.03.2018. Grøntstruktur estetikk og byggeskikk, trafo/linjenett, naturmangfald, vassdrag/flaum, forureining (bla. støy), ENØK, sårbarheit, infrastruktur, bruk av uteareal og trafikkforhold/-tryggleik mm, er forhold som vil verte spesielt vektlagt i planprosessen.

Formål med detaljplan er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om planprogram eller konsekvensutgreiing.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 26.04.2018

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 976 27 000/ 966 27 987

Vedlegg 2:

Vedlegg 3:

Vedlegg 4: